Andreas Aase Løseth – vegen hans mot ein musikkariere

Bli bedre kjent med styremedlem i NHFU Sørvest, Andreas Aase Løseth!

Tekst: Anette Tranøy, organisasjonskonsulent i Norges Handikapforbund Sør-Vest.

Andreas Aase Løseth er ein 25 år ung mann frå Dale i Sunnfjord med ryggmargsbrokk. Han har akkurat flytta til Bergen for å drive med sin store hobby og lidenskap som er musikk. I den samanheng blei han medlem i NHFU Sørvest og aktiv som medlem i styret. Sørvesten tok ein prat med han om musikken, kva som driv han til å drive med musikk og kva han tenkjer om framtida.

Kva blir du inspirert av når du skriv songar?

Eg blir inspirert av anna Musikk. Når eg høyrer noko i ein song, kan eg bli inspirert til å prøve å gjere det same. Sjølvsagt på min eigen måte. Opplevingar, tankar om kva eg ser og høyrer om i media, inspirerer i retning av bodskap til tekstar. Både gode og smertefulle opplevingar i livet kan og ofte bli til tekstar.

Kva skriv du om?

Musikken min inneheld tema som håp, draumar, kjærleik og visjonar for framtida. Eg delar også kritiske tankar om samfunnet. Korleis bør vi behandle andre medmenneskjer, for vi er alle ulike og har kvar vår bagasje.

Kor ofte skriv du?

Eg kan skrive til ei kvar tid, men eg lager ikkje tekstar kvar dag. Ofte kan eg jobbe med forskjellige tekstar samtidig, avhengig av inspirasjon, men eg har stor sjølvkritikk. Kva er godt nok, og kva vil folk synest om dette, det er det store spørsmålet.

Lager du både tekstane og musikken sjølv og kva liker du best?

Eg skriv både tekst og musikk. Det blir produsert oftare skisser av musikk, sidan dette fell lettare for meg.

Korleis når du ut til folk med musikken, har du hatt nokre spelejobbar eller bruker du helst sosiale medium?

For å nå ut til folk brukar eg ulike plattforma. Eg publiserer musikken og anna musikkrelaterte ting på Instagram og facebook-sida mi «aal.eyemusic». I tillegg legg eg musikken min ut på YouTube  og streamingtenestar som Spotify, iTunes og TIDAL.

Når det kjem til spelejobbar så har eg ikkje hatt så mange enda, men eg har hatt gleda av å spele under NHFU Sørvest sine arrangement, Storbyweekend og Funkisdagen i 2017. Så hittil har eg brukt sosiale medium mest for å nå ut til folk.

Kva er den ultimate spelejobben og kvifor?

Det kan vær så mangt. Den ultimate spelejobben må vær å kunne spele for så mange som mulig. Samtidig så er det viktigare for meg at eg når igjennom til folk med mitt bodskap og at eg rører ved folk, at eg får folk til å føla noko gjennom musikken og formidlinga mi og gjennom tekstane mine.

Kva er det beste med å drive med musikk?

Det beste med og holde på med musikk er å kunne fortelle mi og andre sine livshistorier gjennom tekst og tonar. I tillegg til det å kunne skape ei kjensle hos lyttaren.

Kva er dine mål og draumar for framtida?

Mine mål og draumar er å kunne jobbe med og leve av musikken. Kunne komponere og produsere mitt eige materiale.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s