Månedlige arkiver: september 2019

BERRE VENT – ELLE ANTIDISKIRIMERINGSLOVENE, §13 OG §17

Berre vent litt
Må finne vakta, ho har nykkjel
til den andre døra

Berre vent litt
Det kjem snart ein annan trikk

Berre vent
Det er ryggen
Vonleg kjem det andre som kan lyfta

Berre vent litt her du
så skal me sjå korleis me skal løysa dette
For du skjønar det at det kjem aldri sånne som deg hit!
Neineinei ikkje gå, rull meina eg…
Me ska få deg inn altså
Kanskje rekk du konserten og –

Neste gong bør du kanskje finna deg ein annan stad

Oj!
Berre vent litt
Skal nok få deg inn
Men du kan ikkje koma til toaletta
og skuffelboarden er i andre
Går det bra ?

Berre vent
Du har vel tid til å venta?
Det kjem eit anna tog om ein time og fem minutt
Der kan du trilla rett inn
Det stoggar jo ikkje akkurat der du ska av ,
men det går vel buss uti der, gjer det ikkje?

Berre vent litt
ska sjå om det går an
å finna eit bord til deg
Så kan du sitta her
Eg ska be kelnaren koma ned

Berre vent eit liiite bèl
Så BRAAAA at du er her!
VELKOMEN !
Det kan ikkje vere lett for deg
i all denne snjoen
Men du må jo vere veldig sterk
Og forrestan så må du inn på baksida her du
Får sjå om du får brøyta deg fram

Berre vent
me må bli samde om
me i det heile gidd å fylgja lova
Det er så mykje styr
Sånne som deg burde finna på noko anna
Ein annan stad
Ikkje misforstå
du må GJERNE nytta tilboda våre, altså
Men då må du finna deg i å venta

Berre vent litt, snille du
For du burde ringt fyrst
sånn at me er budd

Berre vent litt
Heisen er full i varar
Kanskje best at du kjem att neste gongen
Og du, møtet strøymast jo
Du kan sitta her nede og sjå det i mobilen din

Berre vent
Her kjem det til å koma folk
Å få ein rullestol inn her er innvikla
Ihøve brannforskrifene
Me vil gjerne at du kjem altså
Det er berre det at du er ein risiko
Hvis det skjer noko liksom —
du veit

Berre vent litt
Eg skal skunda meg
Det er jommen kaldt her ute!
til neste gong er det kanskje greit
at du tek med deg eit pledd elle sånn
Me har prosedyrar
Eg kan dei berre ikkje
Rullestolar har liksom aldri vore eit problem her
Det er så lite relevant
For det kjem ingen

Berre vent —
vent med å koma
til me har flytta

Berre vent
Berre vent litt
Eg ska kalla på ein som kan syna deg heisen
i det andre bygget legre borti gangen her
Det kjem du deg opp i konferanserommet
Du må berre gjennom eit lager
Vonleg er det rydda unna litt
For sjølsagt skal du få vere med!
Men du har jo ikkje vore her før
Me er ‘kje vande med hemma folk me

For det er DU som er problemet her
Det må jo du skjøna!
Dei fleste kjem jo seg fram sjøl
Om du absolutt VIL joina
einkvann som gidd å nytta tida si på sånne
er ikkje dette rette staden
HUSJ!

Berre vent litt
Det får du finna deg i
For det er ikkje OSS det er feil på
Kom ikkje her og trakk på ryktet vårt
Du er heldig som i det heile får lov til å vere her

Berre vent
til det blir din tur

Diktet er skrevet av Anna-Maja Helgesdotter Andersen.

Ikke stem inn de som stenger andre ute!

Jeg heter Tamarin Varner og jeg er leder i NHFU, ungdomsorganisasjonen til Norges Handikapforbund. Som funkisaktivist drømmer jeg om et rettferdig og likestilt samfunn. Når jeg prater med politikere får jeg ofte høre, «Stå på, fortsett å kjempe». Men hører de etter på hva jeg faktisk mener? Jeg føler at jeg blir klappet på hodet «Fordi jeg engasjerer meg».

Funksjonshemmede diskrimineres. 1 av 3 funksjonshemmede blir utsatt for hatkriminalitet. Bare av å høre at dette skjer med 1 av 3 blir jeg sint og rystet. Jeg blir sint over at dette skjer i 2019, og sint over hvor lite som gjøres for å gjøre noe med dette.

Anno 2019 opplever jeg stadig medlemmer som kommer med bekymringer og opplevelser som har føltes nedverdigende og rett og slett urettferdig. Unge funksjonshemmede opplever å bli utestengt i studie og i arbeidslivet. Grunnen kan være så lite som at det mangler en rampe eller en heis for å komme seg inn i bygget.

Vi er klar over at ramper, tilgjengelig transport og retten til nok assistanse (BPA) ikke kan fikses over natten. Men det vi vet, er at det er mulig. Det burde ikke finnes en løsning som heter utsettelse. For det er det jeg som funksjonshemmet føler. At livet mitt blir satt på vent ved at jeg ikke har de BPA (Brukerstyrt Personlig Assistanse)-timene jeg trenger for å leve, ikke bare overleve. Vi er ungdommer som er på vei inn i voksenlivet. La oss få nyte ungdomstiden vår før, som alle andre.

Så folkens, benytt dere av stemmeretten deres og stem på de partiene som ikke stenger andre ute!

Tamarin Varner bilde

Innlegget er skrevet at Tamarin Varner. ST: Tamarin smiler mot kamera med underteksten: Ikke stem inn de som stenger andre ute.