Funkis, likeperson, medmenneske og student

Hei, alle vakre NHFU-arar!

Mitt namn er Vigdis og eg er ei dame som likar hardt arbeidt og ein god innhaldsrik diskusjon, men også ein god latter i lystig lag!

Eg er genuint oppteken av individet i samfunnet og deira rettigheiter. Ein må kunne få lov til å vere seg sjølv 100% og ein skal få mogelegheit til å realisere draumane sine. Uavhengig av kor ein kjem ifrå, om man er funkis eller ei, eller om ein berre har litt ekstra med i bagasjen, på ferda langs livets landeveg.

Eg har sjølv CP og har vore funkis heile livet. Eller som eg pleier å sei: «Æg æ litt skral til beins og i ny og ne, får æg ein spasme.» Eg er medlem av NHFU Sørvest og på slutten av fjoråret var eg så heldig å bli godkjent som likeperson i NHFU! 🙂 Har du høyrt om likepersonarbeid?

NHF definerer likepersonarbeid slik:

«Likepersonarbeid er organisert kont mellom to eller flere personer med likhet i diagnose og/eller livssituasjon. Kontaktens hensikt er å formidle bearbeidede praktiske og følelsesmessige erfaringer, erfaringer som andre kan dra nytte av under bearbeiding av egen situasjon».

Ein likeperson kan vere god å ha, uavhengig av kva slags studium ein er på i livet. Ta til dømes meg sjølv. For om lag fira år sidan, gjekk min store barndomsdraum i oppfylling og vart sosionomstudent ved universitet i Stavanger. Endeleg skulle få lov til å; utfolde meg som menneske, dra nytte av mine livserfaringar, utdanne meg, og til sjuande og sist, ta eit sort steg, på mi sjølvrealiserande reise. Eg var ubeskriveleg glad og spent! Lite visste eg om kva som venta meg.

Byrjinga på studentlivet vart så absolutt ikkje slik som eg hadde førestilt meg. Det var veldig lærerik og interessant, men eg kjente meg mutters åleine. Ingen var som meg, men eg vart etter kvart ein «kjent» person blant medstudentane. «Alle viste kven Vigdis var, pga. av mitt fysiske ytre, men det var liten interesse for å bli kjent med individet VIGDIS. Eg lukka meg inn i eit skal og prøvde å beskytte meg sjølv. Eg vart sint, lei og veldig oppgitt! Samstundes som eg på dåverande tidspunkt, også elles var i ein krevjande livssituasjon. Derfor blei det mange humpar på vegen mot å bli sosionom. Men eg hadde eg alltid MÅLET klart i sikte!

Eg sakna å ha nokon å snakke med, då hadde eg ikkje ein gong høyrt om, at det er noko som heiter likeperson. Er det noko den fyrste tida som student lærte meg, så er det at ein må by på seg sjølv, ta initiativ og rett og slett bare gje dine medmenneske litt tid. Ein må utforska eigne grenser og stige ut av eigen komfortsone. Men viktigaste eg lærte var kunsten å be om hjelp. Det er ein kunst og nettopp kunne be om hjelp, men når ein knekker koden, så blir det ditt viktigaste verktøy; for å kunne nå dine eige mål i livet. Og i dag kan eg nyta studentlivet og livets små og store gleder! Og eg likar det!

Det er nettopp derfor NHF og NHFU satsar på likepersonarbeid! For det er ikkje alltid så, mykje som skal til. Berre eit lite puff eller eit lite heiarop på vegen! 🙂 For me i NHFU heier på alle flotte funkisar der ute og me vil gjerne hjelpe til!

Så ta kontakt med meg på eller min gode likepersons-kollega Sadia på Facebook, Twitter eller via mail. Meir info finn du på våre nettsider.vigdis

Alt kan skje og med dei rette verktøya får me det til! 🙂

Vigdis G. Nielsen, likeperson og medlem i NHFU Sørvest.

Legg igjen en kommentar