Identitet, sjølvbilde og eigenverd – ein livslang prosess

Me har alle eit opphav, ein familie, ulike livspreferansar og ei tru. Me er alle vakre individ og det i kraft av å vere eit unikt menneske. Me har alle ei historie, ein draum, ei drivkraft og me har alle eit genuint ynskje om å få lov til å realisera oss sjølve. Oppleva kjærleiken, få ei utdanning og ein jobb som ein trivast med; samstundes som me sjølvsagt ynskjer å føle oss vell med eigen kropp og sjel. Få venner som me kan dela stundene med. Livet har mange fasar, epokar og dimensjonar. Og i løpet av eit langt liv, vil dei fleste av oss, få gleda av å oppleva mange av dei.

Menneske kjem i alle slags variantar og former, men samstundes er me alle vakre. Skjønnheita har mange falsettar…..men dessverre er det «lett» å gløyme det. Fordi me altfor ofte blir presentert for fiktive normer og forventningar ifrå samfunnet. Ulike «glansbilde», som fortel oss korleis me skal sjå ut, korleis me skal oppføra oss, kva som er forventa oss; og dette for at me skal kunne beherska genistreken, det er å «passe inn» eller «vere kul». Det er evigvarande jag; korleis skal ein få dette til, når ein kanskje ikkje normativt, er heilt A4?? Man blir kanskje paralysert av skrekk, frykt eller redsel?? Men det er ingen som ynskjer å sitte passivt på «gjerde» eller «fryse i kulda», det kan eg lova deg!

A4 ramma er trong, veldig trong, den rommar dessverre ikkje alltid, det store mangfaldet i samfunnet. Dette er veldig sørgjeleg og det er eit stort paradoks. Kven var som konstruerte dette, innsnevra verkelegheitssynet??? Korleis skal ein då lære seg å bli glad i seg sjølv? Korleis skal ein då lære å erkjenne seg sjølv; bli tilfreds meg eige individ og figur? Dette kan opplevast veldig krevjande. Spesielt for oss funkisar. Då me allereie avviker frå den normative normalen, på det fysiske plan, på eit eller anna nivå.

Eg vil kalla meg sjølv for ei mangfaldig kvinne og eg er ein avvikar på mange frontar i livet. Men også ganske normal.

Eg har røter i to ulike land; eg er fødd i det eine og oppvaksen i det andre. Faren min kjem ifrå det eine og mor mi ifrå det andre. Eg har vore funkis heile livet, samstundes som eg er oppvaksen ein plass, der me hadde minimalt med materielle goder. Men masse genuin kjærleik. Ein måtte fort lære seg disiplin og korleis ein skulle takle livets mange store og små utfordringar! Det er som kanskje var ei sjølvfølge for naboen, var ikkje ei sjølvfølge for meg. Livets små og store materielle og sosiale bonusar, var noko som eg fekk gleda av å tileigna meg, i ung vaksen alder. Livet har lært meg at ein må YTE, før ein kan NYTE! Dette gjelder alle menneske; men spesielt for oss funkisar. Nokre gonger må man gjere krav på sinn rett, sjølv om omgjevnadane står og rister på hovudet; Kva faen, veit vell dei??? Dei har ingen rett til å dømme. Me er alle ansvarleg for vår eigen lykke og man må våge å hevde vår rett!! Eg er også eit menneske og er i min fulle rett, til å realisere mine ynskjer og draumar.

Slik er det også på andre områder i livet, eller rettare sagt på dei fleste områder. Ein må evne og forme seg sjølv, erkjenne livets faktum og finne sine eigne styrkar. Identitet er noko som fortel noko om eit menneske, men den er ikkje absolutt! Det er eit abstrakt faktum som formast gjennom livet; og eigenverd og sjølvbilde følgjer deretter. Det er noko som skapst, når ein ruller eller går; og det er det enkelte individ som sit i førarsetet. Omgjevnadane skal vere til hjelp, men ikkje til hinder og nokre gonger må man trå utanfor eigen konfortsone. Det er slik, me lagar rom for endring! Det er mange ting, man ikkje kan velje her i livet, men alle er ansvarlege for å forme sitt eige liv og eigen person! Kva er det som gjer deg lukkeleg? Kva ynskjer du å oppnå i livet?, Korleis kan du nå eigne mål? Kven kan hjelpe deg? Kva må eg sjølv gjere?

Ein må kunne elske seg sjølv, før ein kan elske andre; ein må hjelpe seg sjølv, før ein kan hjelpe andre. Spørsmålet er korleis kan ein elske og hjelpe seg sjølv? Korleis kan ein som menneske erkjenne seg sjølv som eit fullkommemenneske? Jo, ved å ha tru på seg sjølv og på livet. Ved å visa verda at me alle er perfekte og elskverdige, nettopp fordi me er oss sjølve; og fordi me evner og ta ansvar for eigen realisering og livslukke.

Så kjære, vakre medmenneske, funkis eller ei; lev livet, by på deg sjølv, ta vare på dine medmenneske og hugs at du er fullkommen på alle måtar, også om du har nokre skavankar, litt ekstra bagasje i sekken, nokre arr i sjela eller om du er så kalla «A4 menneske»! Livets opp og nedturar, små og store faktum, er noko som alle må leve med. Eller sagt på ein anna måte;

Det er berre nokre erfaringar; som man har tileigna seg på livets landeveg! Og dei er nett som kjærleiken; livets STØRSTE gåve! 😊vigdis

Vigdis G. Nielsen, likeperson og styremeldem i NHFU Sørvest.

Nysgjerrig på vårt likepersonsarbeid? Les mer her og her.

 

Legg igjen en kommentar